Kjell Fredrik Myklegard Lagt inn april 24, 2010 09:54

- Utbygging og utbetring av transportsystemet på denne strekninga er med dette kome eit viktig steg nærmare gjennomføring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
For kvar av desse tre delstrekningane skal det gjennomførast ei såkalla ”konseptvalutgreiing”, KVU:
- E 39 Skei – Moa (Ålesund)'
- E 39 Moa (Ålesund) – Bergsøy
- E 39 Bergsøy – Betna
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Vegdirektoratet utarbeider eit overordna dokument som bind saman dei tre utgreiingane. Departementet gjer det elles klart at utgreiingane må ta for seg løysingar som legg vekt på kollektivtransport der dette er aktuelt.
Utgreiingane skal vera ferdige seinast innan utgangen av mars 2011.
For fleire opplysningar – sjå brev av 22. april frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet